Fotballfest på Voss

Av

Det ligg hårfint på grensa til småkaotisk frå første til siste spark. Men røynde arrangørar og rause vêrgudar forvandla på ny Voss til ein einaste stor fotballfest der lokale jenter og gutar også fann seg godt til rette.

DEL

Rosendal var på plass med heile fem lag. Klubben har gjort det til ein aldri så liten tradisjon å leggja seg inn på Bømoen under Voss Cup – denne nedlagde militærleiren mange i distriktet vårt kjenner godt frå både HV-øvingar og fyrstegangsteneste. No er leiren på private hender. Komforten på romma kunne sjølvsagt vore betre, men både matserveringa og uteområdet var heilt topp.

Kjekk siger

Sportsleg vart det også ei veldig fin helg for dei aller fleste. Fleire av laga møtte motstandarar som det var råd å komma på talefot med. G10-gjengen til Rosendal har mange spennande typar, og leverte også stor underhaldning. Nokre sure tap vart det likevel, men det er vel ingen tvil om at 4-2-sigeren over Brann vog opp for det meste. Ei oppleving Nicolas Hisdal Kjerstad, Phillip Lund-Mikkelson og resten av gjengen kjem til hugsa lenge.

På jentesida tapte Rosendal sine 11-åringar for Brann, men følgde opp med tre strake sigrar i møta med Fana, Skjergard og Bulken. Dei to 10-årslaga fekk også fine opplevingar i form av både tette kampar, og tv-sende oppgjer på BT-kanalen.

Celine Apeland og Rosendal spelte tv-sendt BT-kamp allereie fredag klokka seks. Rosendal hadde bra med sjansar, men det var Nymark som fekk mål.

Celine Apeland og Rosendal spelte tv-sendt BT-kamp allereie fredag klokka seks. Rosendal hadde bra med sjansar, men det var Nymark som fekk mål.

Fin utvikling

Éin av trenarane på Rosendal gutar 12, Rune Melheim, har tidlegare opplevd store tap på Voss.

– Denne gongen var me så mange at me rett og slett delte laget i to, og lét gruppene spela kvar sin omgang. Alle ytte maks, og me fekk mange gode opplevingar. Ekstra kjekt når me møtte lag som har grusa oss tidlegare, og som no hadde nok med å forsvara seg, smiler Melheim.

Aktiv gjeng

Trio hadde ein stor 10 års-kontingent med gutar på tur. Ei gruppe som trenar saman, men har to lag i seriesystemet. På Voss hadde dei også to lag. Dermed dobbelt opp med kampar, og mest ingen reservar.

– Heilt optimalt for denne spelesugne gjengen, seier trenar Rolf Vidar Grønstøl Hansen.

Denne store Trio-gjengen fordelte seg i helga på to G10-lag som spelte mykje og god fotball under Voss Cup. Framme frå venstre: Elias Aarro Pedersen, Sander Åsen Pedersen, Lukas Nupen, Patrick Grønstøl Hansen, Daniel Hauge, Leif Thoresen og William Myrvold-Thomsen. Bak frå venstre: Sander Elias Vik, Kristoffer Haktorsen Grønstøl, Preben Hauge, Olav Bernard Vågen Heggøy, Andreas Hauge, Brynjar Olderkjær, Leander Viken og Sander Jensen.

Denne store Trio-gjengen fordelte seg i helga på to G10-lag som spelte mykje og god fotball under Voss Cup. Framme frå venstre: Elias Aarro Pedersen, Sander Åsen Pedersen, Lukas Nupen, Patrick Grønstøl Hansen, Daniel Hauge, Leif Thoresen og William Myrvold-Thomsen. Bak frå venstre: Sander Elias Vik, Kristoffer Haktorsen Grønstøl, Preben Hauge, Olav Bernard Vågen Heggøy, Andreas Hauge, Brynjar Olderkjær, Leander Viken og Sander Jensen.

Kvinnheringen møtte dei rett etter at Sædalen hadde fått bank, og stemninga var høg.

– Etter den siste kampen i kveld skal me kjøpa åtte pizza og ta med oss på skulen. Det kjem til å bli topp, fortalde gutane.

Dei var klare for både ein dukkert i Vossabadet, og mykje god fotballspeling på området rundt Bjørgum skule, der både spelarar og foreldre har budd i helga. Kvelden før måtte dei ropast inn klokka elleve om kvelden. Men så var det heller ikkje alle som var like enkle å få opp att neste morgon.

Ternen-dobbel

Klokka seks laurdag kveld var det framleis 27 varmegrader i skuggen. Dermed vart BT-kampen mellom Ternen og Gneist Giants (G12) eit rimeleg heitt oppgjer, der kvinnheringane ganske tidleg festa eit godt grep. Ikkje minst vart bergensarane plaga av tvillingane Sondre og Eirik Soma Ersland. Ternen vann då også 3-0, og viste til fulle at timelange treningsøkter på kunstgraset i Valeparken betalar seg svært godt, også i «Syden-varmen» på Voss.

Med over 700 lag og nærare åtte tusen deltakarar, er det truleg berre Norway Cup som er større her heime. Ei turnering der også Ternen-tvillingane vert å sjå. Då som «leigesoldatar» for Rosendal sitt 13-årslag.

– Me seier sjeldan nei til litt meir fotball om sjansen byr seg, smiler Sondre og Eirik.

Sondre Soma Ersland fossa frå Gneist-forsvaret gong på gong. Det enda til slutt med ein solid 3-0-siger til Ternen.

Sondre Soma Ersland fossa frå Gneist-forsvaret gong på gong. Det enda til slutt med ein solid 3-0-siger til Ternen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags