Johnny Furdal kåra til årets spelar

Furdal har hatt ein strålande sesong. Her frå oppgjeret mot Kongsvinger i siste serierunde, der Viking sikra opprykket til eliteserien.

Furdal har hatt ein strålande sesong. Her frå oppgjeret mot Kongsvinger i siste serierunde, der Viking sikra opprykket til eliteserien.

Furdal blei søndag kveld kåra til årets spelar i OBOS-ligaen.

DEL

Midtbanespelaren frå Dimmelsvik fekk prisen under gallaen Fotballfesten på Ullevaal stadion søndag kveld, der norsk toppfotball feirar seg sjølv etter ferdigspelt sesong.

– Furdal har vore heilt fantastisk for Viking denne sesongen. Han har vore god i mange år for Nest-Sotra og er ein uslipen diamant i norsk fotball. At større klubbar ikkje har plukka han opp tidlegare, er ein tenestefeil. Som han seier sjølv, så hoppar han ikkje høgast eller spring raskast, men han har eigenskapar på den siste tredjedelen som er heilt magisk og heilt i toppsjiktet i norsk fotball, seier Eurosport-ekspert på OBOS-ligaen og jurymedlem Roger Risholt, til Eurosport.no.

Furdal var sjølv ikkje til stades under prisutdelinga i hovudstaden grunna sjukdom. Han var ein av tre nominerte til prisen.

    Publikum storma banen i lykkerus etter at Viking hadde sikra opprykket til eliteserien søndag.

    Send tekst og bilde «

    Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

    Artikkeltags