Ber om hjelp til å finna plass på lag i Trio sin romjulscup

Det er snart klart for den 25. romjulscupen i Husneshallen. Men ikkje alle har funne seg lag enno. Her frå fjorårets turnering.

Det er snart klart for den 25. romjulscupen i Husneshallen. Men ikkje alle har funne seg lag enno. Her frå fjorårets turnering. Foto:

Flyktningkontoret håpar nokon kan hjelpa ein 20-åring som nyleg er komen til kommunen.

DEL

Les også: Trio hentar to Halsnøy-spelarar og ein gammal kjenning

Andre og tredje juledag går IL Trio si tradisjonsrike romjulsturnering av stabelen i Husneshallen. Gamle lagkameratar, studiekameratar, yngre og eldre, møtast til dyst.

Torsdag blei årets grupper lagt ut på idrettslaget sin nettstad (oppsettet kan ein sjå nedst i saka!). 21 lag er påmeldte fotballturneringa. 16 herrelag og fem kvinnelag.

Tordag kveld skriv Linda Lillesletten ved eining for integrering og opplæring i Kvinnherad kommune, at ein ung mann står utan lag – og lurer på om nokon kan hjelpa:

– Ung mann, 20 år, ønsker å vera med på romjulscupen på Husnes, men manglar lag. Han er frå Eritrea og snakkar engelsk og litt norsk. Har mykje humor, er lett å koma i kontakt med og snakka med. Flytta frå Kyrksæterøra til Rosendal 1. november 2017. Ta gjerne kontakt med meg på tlf. 916 67 064, så kan jeg formidla kontakt, skriv Lillesletten.

Her er årets grupper:
A. Sunde Allstars, B-laget, Julventus, Farlig Tversover og Valen CIA.
B. Smekker Rose, Kongelaget, Sofaproffane, Die Mannschafft, Spar Valen og Diablo.
C. Rudlen Vel, CCKTG, Brødrene, King16, Saoane
Kvinner: Julebollene, United, Bazinga, Ros/Usk og Sognemorr.

Les også:

Idrettslaga får nærmare 1 million kroner – sjekk kor mykje ditt lag får

Artikkeltags