Sunde Allstars-kaptein Lars Sigurd (23) kunne sleppa jubelen laus etter heit finale

SUNDE ALLSTARS: F.v.: Tore Olderkjær (nesten heilt skjult), Alexander Abrahamsen, Eivind Tufta Saghaug, Åsmund Voster, Mats Åsheim Mo, Håvard Røyrvik, Andreas «Charter» Røyrvik, Rune Johan Åsheim Mo, Trond T. Thorsen. Kaptein Lars Sigurd Vevle Tufte jubla hemningslaust då han kunne ta imot pokalen, og varta opp med sigersdans.

DEL

Romjulscupen:Som vanleg var det ikkje den fine fotballen som prega herrefinalen i Trio sin romjulscup i innefotball i Husneshallen.

Kampen mellom Sunde Allstars og Saoane hadde det meste. Høg temperatur, ei utvising (to minuttar), straffebom og folk som brukte kjeften like flittig som beina.

Men i ein temmeleg jamn kamp var det altså Sunde Allstars som stakk av med sigeren etter skåring av Mats Åsheim Mo. Lillatrøyene frå Sunde tapte finalen i romjulscupen i fjor med eitt sekund igjen på klokka.

Les også:

Kvinneklassen: Vann i år igjen

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags