Trass god innsats måtte kvittrøyene reisa heim utan poeng frå Bergen. Måndag har klubben lagt inn protest til Hordaland Fotballkrets etter 0–1-tapet.

Rosendal meiner BI ikkje følgde retningslinjene til Norges Fotballforbund i oppgjeret:

"Ein kjapp gjennomgang av kamprapporten viser at heile åtte av 16 spelarar ikkje var registrerte som BI-spelarar", heiter det i protesten.

"Der og då bestemte vi oss for å spela kampen, men òg å senda inn protest uansett kva resultatet ville bli. Vi må bli kvitt denne ukulturen eingong for alle. (...). Det er utruleg frustrerande for oss som prøver å driva seriøst å møta slike lag, skriv klubben, og viser til at BI førre sesong blei trekt for fire poeng av same årsak.

Sjå høgdepunkta frå Trio - Bergen Nord: Alle trudde ballen var inne, men dommaren lét spelet gå (+)