Inviterer til romjulscup: Gjer endringar i regelverket

I kvinnefinalen i 2017 møttest United i kvite draktar og Bazinga i svarte. Ungjentene i United viste seg å vera det beste laget, og for femte år på rad gjekk dei til topps. Om ein liten månad er det igjen duka for innefotball i Husneshallen.

DEL

Fotballgruppa til IL Trio inviterer til romjulscup frå 27. desember. Tradisjon tru går turneringa av stabelen i Husneshallen 2. og 3. juledag.

«Romjulscupen som på folkemunne blir rekna som den mest prestisjetunge og viktigaste turneringa etter Champions League. Folkefesten som det blir snakka varmt om langt inn i korridorane på Anfield»! står det i invitasjonen på il-trio.no.

Regelverket er stort sett som i fjor, men i år er det maks fire aktive spelarar per lag. Eit lag kan ha ti spelarar i troppen. Som tidlegare blir det maks to aktive på banen samstundes. Ein aktiv spelar kan til dømes ikkje stå i mål medan to aktive lagkameratar er på banen.

I kvinneklassen er det ikkje reglar for aktive-/ikkje-aktive spelarar.

Å vera aktiv, betyr at ein har spelt seniorfotball i divisjonssystemet, uansett alder, melder Trio.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags