«BUA» får 300.000 kroner i statsbudsjettet

Måndag ettermiddag var det opning av BUA Kvinnherad, der ordføraren var til stades for den obligatoriske snorklippen.

Måndag ettermiddag var det opning av BUA Kvinnherad, der ordføraren var til stades for den obligatoriske snorklippen.

DEL

I revidert statsbudsjett for 2019 er det sett av 300.000 kroner til BUA Kvinnherad, den nye utstyrssentralen på Husnes. Det kjem fram i ei pressemelding frå Frp-politikar Ove Lemicka måndag ettermiddag.

Løyving skjer gjennom den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom.

Utstyrssentralen som held hus i same lokale som ungdomssenteret på Husnes, skal låna ut utstyr for å redusera barrierane for deltaking i ulike ferie- og fritidsaktivitetar. Utlån skal vera gratis eller ha svært låge kostnadar.

– Dette er eit flott tiltak som no får oppbakking gjennom denne tilskotsordninga, seier Lemicka i pressemeldinga.

FAKTA:


•BUA er eit landsomfattande konsept som Kvinnherad kommune har kjøpt lisens hos. Det finst 90 slike utlånssentralar i landet.

•BUA er eit «kinderegg» av eit tilbod: Det er for alle, uavhengig av sosiøkonomisk bakgrunn, det er miljøbesparande fordi du kan låna ting gratis og slepp å kjøpa det, og så får det fleire i aktivitet. BUA er nesten som eit bibliotek, berre med aktivitetsutstyr.

•BUA Kvinnherad er eit samarbeid mellom fleire kommunale aktørar: Frivilligsentralen, Kulturhuset Husnes, Utekontaktane, ungdomssenteret, Eining for Aktivitet, læring og meistring og undergruppa Aktiv fritid.

•BUA Kvinnherad har både eiga Facebook-side og eigen Instagram.

•På nettsida www.bua.io finn du meir informasjon om konseptet og korleis du kan registrera deg for å låna utstyr.

•Alle kan låna utstyr, men lånaren må ha norsk adresse og telefonnummer, og vera 18 år. Yngre personar kan òg låna, men då må ein føresett vera hovudlåntakar.

•Utgangspunktet er at ein kan låna utstyr i inntil éi veke, men det vil vera litt avhengig av kor mange som står på venteliste for å låna det, og kor i kommunen ein vil låna utstyret til. BUA Kvinnherad har eigen hengar som utstyret kan fraktast i.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags