Full lading i Rosendal

Onsdag opna den første offentlege og komplette hurtigladestasjonen for elbilar i Kvinnherad.

Onsdag opna ordføraren (med ryggen til) den første offentlege og komplette hurtigladestasjonen for elbilar i Kvinnherad. Den står i Rosendal, og det er Kvinnherad Energi som eig og har ansvar for drifta av stasjonen.

Onsdag opna ordføraren (med ryggen til) den første offentlege og komplette hurtigladestasjonen for elbilar i Kvinnherad. Den står i Rosendal, og det er Kvinnherad Energi som eig og har ansvar for drifta av stasjonen.

DEL

Den nye hurtigladestasjonen i Rosendal er etablert gjennom eit samarbeid mellom Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune, Transnova og Kvinnherad Energi. Finansieringa er gjort mogleg med eit spleiselag der Transnova har bidrege med 200.000,-, fylkeskommunen 100.000,- og Kvinnherad kommune og Kvinnherad Energi med 200.000 kroner.

Det er Kvinnherad Energi som eig og har ansvar for drifta av stasjonen.

– Det første halvåret vil det bli gratis å lada elbilar ved denne stasjonen, men deretter vil vi få på plass ei eller anna betalingsordning, seier administrerande direktør i Kvinnherad Energi, Hans Martin Hjelmeland.

Det var ordførar Synnøve Solbakken som stod for den offisielle opninga av hurtigladestasjonen, som kan ta dei fleste typar av elbilar til fullading. Kontaktane til dei ulike elbilane er ikkje standardiserte, men i Rosendal kan ein no lada både japanske og europeiske bilar.

Liknande stasjonar vart opna både i Etne, Eidfjord og Norheimsund denne veka. I Odda er ein hurtigladestasjon på trappene.

Hordaland fylkeskommune har som mål at minimum 20 prosent av alle selde køyretøy i Hordaland skal kunna ladast med elektrisitet innan 2020.

Artikkeltags