Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje vegopning i dag

Artikkelen er over 4 år gammel

Vegen på Sundal-sida av Furebergfossen, ved Kroka, er stengd på grunn av steinras. Statens vegvesen melder at vegen tidlegast blir opna laurdag.

Det var natt til i dag (fredag) det gjekk eit steinras på Fv 551 på Sundal-sida av Furebergfossen. Ein stein på storleik med ein personbil rasa ut i vegen. Ifølgje Statens vegvesen må steinen sprengjast før ein kan opna vegen for trafikk igjen, og raset har gjort skade på vegbanen. Oppryddingsarbeidet starta rundt klokka 08.00 i dag tidleg. Entreprenørar jobbar på staden, men Statens vegvesen melder at vegen ikkje blir opna fredag, og at det blir gjort ny vurdering laurdag kl. 12.

Kommentarer til denne saken