Planlegg ei kortare bru

Kanskje kjem det ny bru over Furebergfossen i 2018. (Arkivfoto).

Kanskje kjem det ny bru over Furebergfossen i 2018. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Arbeidet med planlegging av ei ny bru ved Furebergfossen har trekt ut i tid.

DEL

Det var ambisiøse planar som vart presenterte for nokre år sidan med omsyn til ny bru ved Furebergfossen. Tankane var då ei lang bru og tilrettelegging med stor rasteplass. Ein ambisiøs plan, som mellom anna kunne føra til stengd veg i området i 3–5 månader. I Kvinnherad har ein teke til orde for at ein vil ha tunnel bak fossen, men det er ikkje det som no vert planlagt hos Statens vegvesen. Etter at planen var ute til høyring vart den trekt tilbake, og no blir det arbeidd med ein ny plan som skal til høyring i vår eller rett etter sommaren.

Prosjektleiar Marius Slinde i Statens vegvesen, fortel til Kvinnheringen at ein no jobbar med ein plan som har ein mindre ambisjonsnivå enn tidlegare.

– Vi legg til grunn full skredsikring og ei fartsgrense på 60 kilometer i timen. Det blir ei kortare bru enn tidelgare planlagt, men utforming og kvar den nøyaktig skal plasserast har vi ikkje kome med forslag til enno. Det er noko vi no arbeider med, seier Slinde.

Av den grunn har ein heller ikkje skisser å visa til.

NVE la ved førre utlegging av plan fram motsegn, og det er mellom anna NVE sine merknader ein no prøver å ta omsyn til, med ei mindre prangande bru.

Kva tid det kan bli realistisk med byggjestart er ikkje opp til Statens vegesen – det er det fylkespolitikarane som avgjer. Men dersom det kjem midlar trur Slinde på byggjestart i 2018. Først må reguleringsplan godkjennast, og det må lagast ein byggjeplan før arbeidet kan setjast ut på anbod.

Ikkje stenging

Med mindre ambisiøse planar blir det ikkje aktuelt med langvarige stengingar av vegen.

– No kan det bli nokre timars stenging om gangen, som ved andre prosjekt, seier Slinde.

I første utkastet til planar for ny bru var det òg tenkt ein stor rasteplass for turistar. Det er skrinlagt.

– Vi kan nok heva standarden litt i forhold til i dag, og det kan vurderast om dagens bru kan nyttast som utsiktspunkt.

I tillegg har nasjonal Turistveg sagt at dei vil bruka 1,5 millionar kroner til oppgradering av området, forklarar Slinde.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags