No kan du stemma på Øyvind (28) frå Sandvoll sitt forslag til nytt fylkesvåpen

Øyvind Andersson frå Kvinnherad kan ha laga det nye fylkesvåpenet til Vestland fylkeskommune. (Foto: Privat).

Øyvind Andersson frå Kvinnherad kan ha laga det nye fylkesvåpenet til Vestland fylkeskommune. (Foto: Privat).

18 fylkesvåpen står igjen. Øyvind Andersson frå Sandvoll har laga eitt av dei.

DEL

Hordaland og Sogn og Fjordane skal bli Vestland fylkeskommune i 2020, og det har no vore ein designkonkurranse for nytt fylkesvåpen, der ein sit igjen med 18 finalistar.

Blant dei er Øyvind Andersson sitt våpen, som han sjølv skriv at skal demonstrera sjøfart, handverk, fjell og kraft. Våpenet han har laga viser ein dominerande fjellformasjon innrissa av ein vikingbåt-/trebåt-struktur, kvervlar som gir uttrykk for sterk vind, sterk sjø og dei tre fjordane i fjordfylket.

– Du kan ha laga det nye fylkesvåpenet?

– Det hadde jo vore gøy. Då har eg noko eg kan visa til lenge. No skal det vel gjennom ein del runder først, men det blir spennande, seier Øyvind til Kvinnheringen.

Det kom totalt inn 667 forslag til konkurransen. Ti av kandidatane ein no kan stemma på er plukka ut av en folkejury, medan åtte av kandidatane er plukka ut av ein fagjury.

Alle som vil kan stemma på bidraget dei likar best Hordaland fylkeskommune sin nettstad. Folkeavstemminga er open til 30. august.

Den som har laga bidraget som får flest stemmer får ein premie på 25.000 kroner, og dei andre finalebidraga får 2.000 kroner kvar.

Fylkeskommunen overlèt ikkje heile avgjersla til folket. Forslaget som vert folkefavoritten blir saman med tre forslag frå fagkomiteen tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå inviterte til å laga sine forslag til nytt fylkesvåpen. Etter at designbyråa har levert sine forslag, skal fagkomiteen vurdera alle desse framlegga, og så innstilla eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.

PS: Du kan berre stemma éin gong per mobilnummer, men til gjengjeld kan du vera heldig å vinna eit gåvekort på 500 kroner om du stemmer, lokkar fylkeskommunen.

FINALISTANE: No kan du røysta på kva forslag til fylkesvåpen du likar best.

FINALISTANE: No kan du røysta på kva forslag til fylkesvåpen du likar best.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags