– Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman

FØREVAR: Ver varsam når det er tid for å skyta opp fyrverkeriet. 
– Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. 
(Illustrasjon: colourbox.com).

FØREVAR: Ver varsam når det er tid for å skyta opp fyrverkeriet. – Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. (Illustrasjon: colourbox.com).

Kvinnherad brann og redning ber folk vera varsame for å unngå skade under nyttårsfeiringa.

DEL

– Den største faren er augeskade, og på landsbasis er det i snitt 14 personar som opplever skade i samanheng med fyrverkeri, informerer Øyvind Ousdal, leiar for førebyggande avdeling i Kvinnherad brann og redning.

– Vi ser at det har blitt færre utrykkingar og skadar etter at forbodet mot pinnerakettar kom.

I tillegg har vêret vore ein viktig faktor.

– Dei siste åra har det vore ganske vått og ein del vind som gjer at fleire er forsiktige med oppskytinga av fyrverkeriet, seier Ousdal og held fram:

– Ofte når det er ein tørr vinter utan snø, slik vi har i år, kan det bli fleire utrykkingar.

Ver varsam

Ousdal ber vidare folk vera varsame og ha respekt for fyrverkeriet og viser til fyrverkerireglane.

– Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman, understrekar han.

– Planlegg oppskytinga i god tid og finn ein eigna plass med eit stødig underlag for oppskytinga. Sjå til at fyrverkeriet ikkje er skada, om så er tilfellet kan de ta det med tilbake til forhandlaren. Bruk alltid vernebriller når de skal fyra opp, og bruk ein tennstav – ikkje lighter eller fyrstikker. Om lunta ikkje skulle ta fyr, må de venta i 30 minutt før de dynkar blandebatteriet i vatn og leverer det tilbake til forhandlaren.

Vidare oppmodar han folk å følgja aldersgrensene, og ved bruk av enklare fyrverkeri med 12-årsaldersgrense og stjerneskot, bør vaksne alltid ha oversyn med bruken.

– Til slutt vil eg gjera folk merksame på at dei må rydda opp etter seg. Mange barn går ofte og leitar etter fyrverkeri dagen etter, og ein må vera sikker på at dei ikkje kjem over noko og skadar seg.

Tidsrom

Det er lov å skyta opp fyrverkeriet mellom 18 og 02 på nyttårsaftan. Politiet melder at dei har motteke klagar på oppskyting etter startskotet for sal av fyrverkeri torsdag 27. desember.

– Det vart klaga på fleire salutter rundt 0030 natt til fredag i området ved hybelhuset på Husnes. Vidare vart det klaga på fyrverkeri på Sunde i området ved gamleskulen torsdag ettermiddag og kveld.

Politiet ser helst at folk held seg til reglane.

– I tillegg til at det ikkje er lov, er det mange som opplever dette som skremmande. Både barn og dyr blir unødig skremt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags