Turen startar ca 20. juni i Kristiansand. Dersom alt går bra, reknar Vegard med at han er framme på turmålet, Nordkapp, 80 dagar seinare. Då har han lagt bak seg ein strekning på ca 2500 kilometer.

Vegard er ein ung mann med begge beina trygt planta på jorda. Sjølv tykkjer han ikkje turen han ut på skal er så spesiell.

– Det er ganske mange friluftsinteresserte som kvart år går denne turen, til fots eller på ski. Geir Eidsvik frå Uskedalen gjekk same turen for nokre år sidan, berre motsett veg. Eg har fått låna kart hos han, og det er eg veldig glad for. Skulle eg kjøpt alle karta, ville det kosta 10-12.000, fortel han.

– Likevel, kva er det som får deg til å leggja ut på ein så lang og strabasiøs tur?

– Det handlar vel om sjølvrealisering. No har eg gått på skule i 13 år, og har lyst å gjera noko anna.

Vegard er godt trent og tar sikte på halda god fart nordover. Han håpar å kunna gå 10 timar for dagen. Store deler av turen kan ein gå langs turvegar og merka løyper, men Vegard vil helst gå ute i terrenget. Vegar vil han i alle fall halda seg unna, fordi det røyner for hardt på beina.

Undervegs vil han overnatta i turisthytter og andre hus, når høvet byr seg. Men stort sett kjem han til å sova i sovepose og telt, som har med seg i ryggsekken.

Les heile intervjuet med Vegard i dagens papiravis, fredag.