Vil endra gåvepraksis i kommunen

Kvinnherad kommunen ønskjer klarare reglar på kva ein gjer av gåve når nokon sluttar i arbeid i kommunen.

DEL


Administrasjonsutvalet skal torsdag ta stilling til om ein skal endra reglane for korleis ein gir påskjønning til dei som sluttar å jobba i Kvinnherad kommune.

Tidlegare har kommunen hatt avslutningar i fellesskap for dei som har jobba i 25 og 40 år i kulturhuset, med middag og underhaldning.

– Dette har vore høgt verdsatt, men av ulike grunnar har ein ikkje hatt slike samlingar dei siste åra, skriv rådmann i saksutgreiinga. Torstein Aarthun.

Han skriv vidare at det har vore problematisk at kommunen ikkje har hatt eit tilfredstillande elektronisk personalarkiv, slik at fleire vert utegløymd, nok som er trasig.

– Gåve som vert gitt er laga av lokal gullsmed og er dyre, og kan ikkje setjast ut på anbod, sjølv om dei etter totalsummen burde det. Samstundes er det tilbakemelding på at det er ulikt kva grad tilsette nyttar smykke/belte med kommunevåen på, skriv Aarthun vidare.

Rådmannen tilrår nye reglar som tilseier:

a) Frå 5-10 års-teneste. Gåvekort eller anna passande med verdi inntil 1000 kroner.

b)11-24 års-teneste Gåvekort eller anna passande med verdi inntil 3000 kroner.

c) Frå 25 til 40 års-teneste. Gåvekort eller anna passande med verdi inntil 5000 kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags