Fekk ein halv million for andre gong: – Eit langt steg vidare

GLEDE: Kenneth Eide (i midten) strålte opp då han såg summen på diplomet. Med seg på podiet har han John Arne Djuve frå IL Ternen. Gåva vert overrekt av Gunnar Våge.

GLEDE: Kenneth Eide (i midten) strålte opp då han såg summen på diplomet. Med seg på podiet har han John Arne Djuve frå IL Ternen. Gåva vert overrekt av Gunnar Våge.

– Kanonbra! stråler Kenneth Eide i IL Ternen. Laget fekk ein halv million til Erslandsparken for andre gong.

DEL


Mange gledestrålande fjes var å sjå i Kulturhuset Husnes då Sparebank 1-Stiftinga delte ut nær 7 millionar kroner til lokale lag onsdag kveld.

Pengane vart fordelte på 60 ulike organisasjonar med IL Ternen, Halsnøy IL og Galeas Gurine på toppen av lista. Dei to første fekk 500.000 kroner kvar, medan Interesselaget for Galeas Gurine fekk 600.000 til fullfinansiering av restaureringsarbeidet sitt. Dei andre laga fekk mellom 10- og 390.000 kvar.


– No kan vi starta

Prosjektleiaren for Erslandsparken, Kenneth Eide i IL Ternen, er overvelda.

– Ære vere stiftinga som har tru på Erslandsparken, og som har fått oss eit langt steg vidare, takkar Eide.

Det er IL Ternen som står bak prosjektet, i nært samarbeid med kommunen, som er grunneigar. Aktivitetsparken skal byggast ved og rundt Skarveland skule og vera open både for skuleelevane og alle andre som ønskjer det. Planlegginga er så godt som ferdig, og sjølve arbeidet kan ta til til våren. Byggesteg 1 omfattar kunstgrasbane og ski- og sykkelløype. Anbodspapira er straks klare og vil bli lagt ut på Doffin av kommunen med det aller første. Byggesteg to gjeld klatrepark og kolonihage med leikepark. Eide håpar at desse skal stå ferdige i løpet av 2020 og 2021. I løpet av perioden vil òg ein ny og større parkeringsplass ved skulen koma på plass.

– Planen er å bygga ein park som fremjar fellesskap og identitet, og som så mange som mogleg kan bruka. Vi er mange som drar lasset, og fleire å takka for god draghjelp. Formelt er det IL Ternen som driv prosjektet, men utan godt samarbeid med andre hadde det ikkje gått. Det kan vera utrygt å trekkja fram nokre framfor andre, men eg har likevel lyst til å skryta av kommunen, og då særleg Linda Øen. Vidare har Geir Atle Vangsnes i Valeparken vore ein svært god rettleiar og hjelpar. På takkelista står sjølvsagt Sparebank 1-Stiftinga høgt. Det gjer òg andre som har gitt oss pengar, rosar ein blid Eide.

– Kva er parken kostnadsrekna til?

– Prisen er 7,6 millionar totalt. Med dei siste pengane frå stiftinga har vi no 5,5 millionar i boks, inkludert spelemidlar frå Norsk Tipping. Vi må jobba for å få på plass dei siste 2,1 millionane, men har tru på at vi klarer det.

– Har de ein plan for det?

– For å seia det slik, vi håpar å få stå på podiet også ved seinare tildelingar frå Sparebank 1-Stiftinga!

Sjå oversikt: Desse fekk pengar frå Sparebank 1-Stiftinga Kvinnherad



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags