Genbanken for villaks og sjøaure frå Hardangerfjorden er sikra ei framtidig drift. Lenge såg det ut til at prosjektet kom til å bli stroke frå Statsbudsjettet. No er det sagt at regjeringa vil bruka 70 millionar på genbanken. Uskedalselva er ei av ni elvar i Kvinnherad som er omfatta av prosjektet.

Bakgrunnen er at tilstanden for mange laksebestandar i Hardanger er så dårleg at bestanden må sikrast i genbank. Med dette tiltaket kan ein byggja oppatt bestanden for laks og sjøaure.

BT skriv på leiarplass at nye rapportar om lus og fiskedød fortel at oppdrettsnæringa enno har mykje ugjort. Vassdraga er ikkje friskmelde på nokon måte. I eit nyleg sendt TV program ser vi at berre om lag 5 % av laksen vender attende til si fødeelv. I oppdrettsintensive område er dette talet mykje lågare. Det føreligg ikkje nøyaktige tal for elva i Uskedalen om kor mykje fisk som vender tilbake.

Leiar i Uskedal Grunn- og elveeigarlag, Trond Lekva Myklebust, seier til Uskedalen.no at han set stor pris på den jobben som vert gjort med bevaring av genmaterialei heile Hardangerfjorden. Risikorapport og status for vassdraga i Kvinnherad vert truleg sak på årsmøte i Elveeigarlaget.