Skålafjæro AS har nemleg selt stålhallen lengst i sør til Norsafe Årsnes. Dei siste åra har hallen vore brukt til vinterlagring av småbåtar. Når hallen er på plass på Årsnes vil han igjen bli ein produksjonshall, slik han er bygd for.

Det er ikkje berre berre å flytta ein hall som måler 26 x 38 meter, er 18 meter under taket og 300 tonn tung. Jobben er planlagt i detalj. Det er montert tversgåande stålbjelkar som midlertidige for hallen som blir transportert til Årsnes på lekter.

Selskapet Royal Transport tek seg av den noko kompliserte transporten.