Ønskjer velkomen til Halsnøy Kloster i påsken

Av

Klosteret på Halsnøy har ope hus fram til første påskedag, med kunstutstilling, kafé og ymse aktivitetar.

DEL


For 12. år på rad arrangerer Sunnhordland Museum og Halsnøy kloster ope «påskehus». Helèn Petersen, avdelingsleiar frå Sunnhordland Museum, ynskjer alle hjarteleg velkomne til fine dagar i Klosteret. Her kan ungane delta i «hjelpeaksjon» for å bringa dei tre bortkomne kyllingane heim til hønemor, og det vert mogleg å utrykka seg med malepensel på papir, egg eller kvifor ikkje dekorera trebåtar?

– Me prøver å tenka litt nytt. Det er kanskje nokon som er litt leie av dei same, vanlege egga som kvart år skal malast, smiler Petersen.

I same farten som ho fortel ivrig om ope påskehus, ler ho vennleg mot eit par som har benka seg rundt kjøkkenbordet for å eta kake.

– Det er lov til å mala for dei som vil, kvitrar Petersen

– Eg samlar meg for å finna inspirasjonen, svarer mannen humrande.

Utanfor i den vakre klosterhagen var det stille og fredeleg då Kvinnheringen var på staden i går, men det kjem sannsynlegvis til å endra seg no i påsken. Det er nemleg mogleg å låna ymse spel, ha piknik i graset og læra spennande klosterhistorie.

Sundag 14. april opna kunstutstillinga «Den siste snøen» med blant anna maleri og grafikk av Jan Terje Rafdal. Petersen kan fortelja om eit flott arrangement med kunstnaren sjølv som heldt jazzkonsert til alle besøkande. På plassen finn du òg ei bonusutstilling som nyfikne berre får høyra om og oppleva viss dei tar turen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags