Mann fekk kutt- og slagskadar etter stillasuhell

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politi og ambulanse rykte ut til ei arbeidsulukke i Høylandsbygd på Halsnøy onsdag føremiddag.

– Ein person skal ha fått ein planke over seg. Personen er bevisst og oppegåande, men må ha tilsyn av helsepersonell, skreiv Vest politidistrikt kl. 09.58.

Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor opplyser at mannen er køyrd til lokal legevakt med kutt- og slagskadar, og at han truleg vil kunna returnera til jobb i løpet av dagen. Planken skal ha losna frå eit stillas, ifølgje politiet.

Arbeidstilsynet er varsla.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken