Feil på jording

DEL

Det elektriske anlegget ved brannstasjonen på Sæbøvik vart nyleg kontrollert av det lokale eltilsynet og rapporten sendt kommunen. Tre av fire utbetringspunkt handlar om jordingsfeil; mellom anna heiter det at «det ble konstatert berøringsspenning på oppvaskmaskin i pauserommet». I garasjen vart det registrert lause stikkontaktar, og i verkstaden mangla det jording på kanalen til sveiseavsuget.

Kommunen har frist til 9. oktober til å gi tilbakemeldingar på tilsynet, men dersom feil og manglar blir retta opp, og stadfesting sendt til det lokale eltilsynet, vil saka bli avslutta, heiter det i tilsynsrapporten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags