Vertane gjekk til pause med 11–5 i Husneshallen. Oddingane var sjanselause og tapte til slutt 29–19 mot eit KHK som no står med sju sigrar på like mange forsøk i årets 6. divisjon.

KHK er suveren serieleiar med sine 14 poeng.

– Vi begynte bra, og dreg ifrå slik at vi kjem føre med ein del mål. Så var det akkurat som at vi la oss ned på deira nivå. Det gjekk litt sakte og vi gjorde ikkje det vi elles har vore gode på. Likevel klarte vi å halda på leiinga. Og heldigvis gjekk det bra i det som eigentleg var ein ganske rotete kamp. Vi skal sjølvsagt vera nøgde etter ein timålssiger. Laget har ein fantastisk stå-på-vilje sjølv når ting går litt stang ut, seier trenar Marte Lie Børve, til Kvinnheringen.

– Er det motstand for dykk i denne divisjonen?

– Både òg. Slik som det er no, er det ganske delt. Det er fem lag som kan gi oss kamp, og fem lag som vi vinn greitt mot sjølv på ein dårleg dag. Vi er glade for å ha vunne alle til no, så må vi berre halda fram i same stil, seier Lie Børve, som elles skryt over publikumsoppmøtet.

Slik stilte KHK (mål i parentes): Tuva Kaldestad Gjerde (2), Sofie Lillesand (1), Mariel Musland Madsgård, Lena Sandvik Ulvesæter (1), Jannike Røssland (2), Lillian Fagerheim Gjuvsland (6), Hedda Sundsteigen Tangstad (1), Janniche Haugland (3), Kristine Røyrvik, Ella Sande Gertz, Malin Rørvik Enes (2), Renate Kvandal Myklebust (5), Oda Sande Gertz (3).