Trenarteamet gjer alt dei kan for å skapa litt positive vibrasjonar i laget etter den katastrofalt dårlege starten på årets sesong. Måndag var heile laget samla til eit felles måltid før kampen, utan at det hjalp på poenfangsten. For heimelaget var heilt sjanselaus og kan vera glad at det stoppa på 1–5. Utan Johannes Hjelmeland og Frank Mehl kunne det sett verre ut.

Gjestene tok tak frå avspark av og pressa heimelaget. Fem minutt var gått då Morten Hillestad fekk stå umarkert og senda gjestene i føringa. Det går 21 minutt før Rosendal har sitt første spark mot Trott-målet. Kjartan Thoresen vert spela fri, kjem åleina med Trott-målvakta, men bomma fatalt.

– Det ligg vel igjen eit stort krater på banen etter den bommen, seier Thoresen.

Reduserte

I sluttomgangen nettar gjestene fire ganger, før Kjartan Thoresen reduserte til 1–5 etter ein keepertabbe.

Det er mykje som må rettast på for at Rosendal skal koma på vinnarsporet igjen. Måndag var det lite som fungerte.

– Vi vinn ikkje kamper når spelarane går rundt med høges skuldrer og trur at vi skal tapa igjen. Dei unge spelarane som vi har på laget, burde fått eit par positive opplevingar no. Ærleg tala veit eg ikkje kva vi skal gjera for å retta på det vi driv med om dagen, men eg har ei kjensle av at det er små marginar som skal til for at vi kan snu det, seier Kjartan Thoresen.

Trott har og hatt problem i første del av sesongen. Laget stod bokført med sju poeng før oppgjeret i Rosendal.

– Det var klasseforskjell på laga i dag. Rosendal kan vera glad for at det ikkje vart fleire baklengs. Eg trur laget skal få slita ut over i sesongen, dersom det ikkje viser betre takter enn det dei gjorde i dag, meiner Trott-trenar Dikki Steensohn.