Nytt løp på Hardangervidda

Testløp: Hanna Breivold.foto: kai-otto melau

Foto Kai-Otto Melau/Xtremeidfjord

Testløp: Hanna Breivold.foto: kai-otto melau Foto Kai-Otto Melau/Xtremeidfjord

Artikkelen er over 1 år gammel

Hardangerjøkulen Ultra blir arrangert for første gong neste sommar.

DEL

(Hardanger Folkeblad): 13. juli 2019 arrangerer Xtremeidfjord det nye løpet Hardangerjøkulen Ultra.

– Løpet blir på 100km og deltakarane skal springe rundt Norges finaste isbre, skriv Xtremeidfjord i ei pressemelding.

Start og mål på løpet blir ved Vøringsfossen, og på vegen er deltakarane innom Rembesdal, Finse, Krækkja og Kjeldebu. Heile vegen er ein på fine stiar, tett oppunder Jøkulen.

Sterke lokale prestasjonar

– Dette er kanskje den finaste naturen Norge har å by på! Vi er utruleg stolte av å kunne invitera til det første offisielle løpet i juli, seier ein entusiastisk løpsleiar, Anita Limastrand.

Hadde testløp

I sommar arrangerte Xtremeidfjord eit testløp. Då var det Hallvard Schjøllberg som var først i mål, på tida 12.57.06.

Påmeldinga til Xtremeidfjord sitt tredje løp opnar i januar. Frå før arrangerer dei Hardangervidda Marathon og Åsnes Expedition Amundsen.

– Vi gler oss til å tilby nok eit løp i fantastiske omgivnader, skriv arrangørane i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags