Harding omorganiserer

Livbåtproduksjonen - her representert med den nye stuplivbåten FF1200 - høyrer no inn under Umoe Schat-Harding Equipment AS. Bildet er frå i fjor sommar og viser FF1200 på veg opp etter eit verdsrekordstup frå 55 meters høgde.

Livbåtproduksjonen - her representert med den nye stuplivbåten FF1200 - høyrer no inn under Umoe Schat-Harding Equipment AS. Bildet er frå i fjor sommar og viser FF1200 på veg opp etter eit verdsrekordstup frå 55 meters høgde. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinnheringen.no: Umoe Schat-Harding har forenkla organisasjonsstrukturen sin. Den nye organisasjonen er delt i fire einingar.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Vi har hatt sterk vekst dei siste åra og yter service over heile verda døgeret rundt, seier adm. direktør Ove Røssland i ei pressemelding. Produksjon og service føregår fleire stader i verda for å kunna vera nærare kundane.

Den nye organisasjonen består av Umoe Schat-Harding Group AS, Umoe Schat-Harding Equipment AS, som har ansvar for produksjon og nye prosjekt, Umoe Schat-Harding Services AS, som har ansvar for service på utstyr levert av Umoe Schat-Harding, og Umoe Schat-Harding Eiendom AS, som eig og administrerer konsernet sin eigedom i Norge.

– Denne modellen skal betre samsvara med selskapet si verksemd, som er blitt meir global og i større grad er oppteken med service, seier Røssland. Den nye organiseringa skal òg gjera konsernet betre rusta for framtida.

Ordresituasjonen er god, Harding har gode produkt, men marknaden er tøff.

Harding har fabrikkar i Norge, Storbritannia, Nederland, Tyskland, Italia, Panama, Singapore, Spania, Canada, Tsjekkia, USA og Kina, og agentar og samarbeidspartnarar i 30 andre land.

Artikkeltags