Før helga var det klart at det skulle bli skulestart som annonsert måndag. Men i løpet av helga «bøtta» det inn nye store mengder med vatn skulen på Hatlestrand. Vasslekkasjen skuldast arbeidet med nytt tak på skulebygget, eit arbeid som ikkje har gått heilt slik som planlagd.

- Då eg kom til skulen sundag føremiddag var det litt av eit syn som møtte meg. Det rann ned store vassmengder, og det flaut over alt.Der og då bestemte eg meg for at dette kunne vi ikkje tilby elevane våre, seier rektor Edvard Jarle Tveit. Dermed måtte han starta arbeidet med å varsla alle foreldra.

Måndag var verksemdsleiar for tekniske tenester i Kvinnherad kommune, Knut Bjørgvik og kommunalsjef Anne Sofie Kjeka på synfaring på skulen. Det vart då vedteke at ein skulle opna skulen på tysdag.

- Vi får berre håpa at det går, seier rektoren.

Kor store skadar vasslekkasjane den siste veka har påførd bygget, kan ikkje Bjørgvik seia.

- No konsentrerer vi oss først og fremst om å få taket tett. Deretter får vi ta det som er inne i bygget. Men dette vert ei forsikringssak. Eg har bedt om at entreprenøren kontakta forsikringsselskapet sitt, og kravd at det kjem ein taksmann på staden som kan taksera skadane, seier Bjørgvin.