Pizza på menyen har vore ein suksess

For eitt år sidan satsa Martin Myrvold (23) alt og tok over drifta av kiosken «Seilas» ved ferjekaia på Gjermundshamn.

DEL

Vi tok ein prat med ungguten som nett runda 23 år for å spørja kva som har hendt etter at han satsa alt for eitt år sidan.

– Korleis har året vore?

– Det har vore eit godt år. Det har vore spennande og eg har hatt mange utfordringar som eg har vakse på, seier den unge herremannen.

I oktober totalrenoverte han heile lokalet, etterfølgt av ei heidundrande ny-opning. Menyen blei  gradert opp i same runde, og pizza fann vegen inn på lista.

– Eg merkar at det har vore ein solid auke i take-away etter at vi utvida menyen, så det var eit skritt i riktig retning.

Ungguten fortel at han har lært mykje det første året, og etter at dei første barnesjukdommane no er over, kan han fokusera på planane han har lagt for framtida.

– No har eg hatt eit år til å fundera og legga planar for korleis eg vil vidareutvikla konseptet. Trafikken som går forbi her har eit enormt potensial, så det er absolutt noko eg i framtida vil prøva å utnytta meir.

Det verkar også som at lokalbefolkninga har blitt vane med mattilbodet som har dukka opp året rundt på kaia.

– Eg merkar at det er fleire lokale som kjem innom for å få seg mat og vil møtast her. Det er veldig gledeleg, smiler Martin som skal satsa vidare.

No er det mogeleg å kjøpa seg mat heile sju dagar i veka, så det seier seg sjølv at det blir ein del jobb. Men dette skremmer ikkje Martin.

– Det er no eg er ung og ikkje har pliktar andre stadar, så eg står fri til å jobba lange dagar for å forbetra og reindyrka konseptet her, avsluttar han.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags