Held på nynorsken

Gudrun Hope (t.h.) og Martha Simonsen høyrer til dei 71 prosentane som held på nynorsk som hovudmål.

Gudrun Hope (t.h.) og Martha Simonsen høyrer til dei 71 prosentane som held på nynorsk som hovudmål. (Foto: )

www.kvinnheringen.no: Sju av ti elevar ved Kvinnherad vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Kvinheringen i 5 veker for BERRE 5 kr!

Denne veke meldte Bergens Tidende om at berre åtte prosent av elevane ved Kvinnherad vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål. Rett nok tapar nynorsken terreng, men så gale er det ikkje blitt. Rektor Audun Bjelland slår fast at nett no har 71% av elevane nynorsk som hovudmål.

Gudrun Hope og Martha Stormoen er to av dei.

– For meg var det heilt naturleg å fortsetja med nynorsk som hovudmål. Både for å halda på tradisjonen og fordi det blir det greiaste i forhold til dialekten, meiner Gudrun.

Martha er einig med henne og legg til:

– Vi treng nynorsken, derfor er det rett å velja den.

Les meir om nynorsken i den vidaregåande skulen i måndagsavisa.

Artikkeltags