Ambulansebåten på Sunde er den «travlaste» i landet. Måndag var det overlevering av heilt ny båt

PÅ SYNFARING: Jordmor Hildegunn Eiane Aarthun og ambulansearbeidarane Jarle Larsen og Magny Bratsberg er nokre av dei som vil få ein ny arbeidskvardag med den nye ambulansebåten.

PÅ SYNFARING: Jordmor Hildegunn Eiane Aarthun og ambulansearbeidarane Jarle Larsen og Magny Bratsberg er nokre av dei som vil få ein ny arbeidskvardag med den nye ambulansebåten.

Måndag var det overlevering av den nye ambulansebåten på Sunde. Helse Fonna meiner at «Rosedoktoren» er den mest funksjonelle ambulansebåten som er bygd i Noreg.

DEL

Den nye ambulansebåten er ein katamaran, som er 20,4 meter lang og 7,8 meter brei. Den har plass for to pasientbårer, og har eit rom for reisande.

– «Rosedoktoren» har heilt andre eigenskapar enn ein einskroga båt. Den er svært stabil, fortel reiar Per Vold i Gulen Skyss AS.

Vold fortel at noko av det som er særmerkt ved båten er gangvegsystemet som heng bak på båten. Denne kan løftast rundt 1,5 meter over dekksplan og har inngang frå begge sider. Framme i baugen er det også ein gangveg.

– Her kan ein leggja til utan kai. Ein køyrer båra over den manuelt nedleggbare gangvegen i baugen, og rett inn i båten og pasientlugaren, seier Vold.

«ROSEDOKTOREN»: I hekken på den nye katamaranambulansen er det montert eit heisbart gangvegsystem som lettar tilkomsten.

«ROSEDOKTOREN»: I hekken på den nye katamaranambulansen er det montert eit heisbart gangvegsystem som lettar tilkomsten.

1.500 oppdrag

– Eg synest dette ser heilt fantastisk ut. Dette var langt over det eg hadde førestilt meg, seier ambulansearbeidar Magny Bratsberg.

Saman med mellom andre kollegaane Jarle Larsen og Gunnar Myklebust var ho på synfaring på overleveringsdagen.

Ambulansebåten på Sunde har rundt 1.500 oppdrag i året, noko som gjer båten til den med flest oppdrag i Noreg. Av desse er rundt 50 av turane med to eller fleire pasientar. «Rosedoktoren» skal i tillegg til å ta ambulanseoppdrag også gjera noko pasienttransport.

­– Her har ein gjort det slik at det går an å trekka føre. Enkelte pasientar ynskjer ikkje eksponering. Her er det gjerne slik at éin skal føda, medan éin er skada, seier Larsen.

Rune Røssland synest også at båten ser veldig bra ut.

– Ikkje minst sjukelugaren, den er både stor og oversiktleg.

NØGDE: Ingvill Kyvik, seksjonsleiar for ambulansetenesta i Helse Fonna, og Svein Jensen, seniorrådgjevar for klinikkdirektøren i Helse Fonna, tok måndag i augesyn den nye ambulansebåten «Rosedoktoren» ved Sunde kai.

Allereie i teneste

Svein Jensen, seniorrådgjevar for klinikkdirektøren har følgt opp prosjektet frå Helse Fonna si side. Han har vore med å laga kravsspesifikasjonane for «Rosedoktoren» på grunnlag av Helse Fonna si mange års erfaring med drift av ambulansebåt.

– Vi har særleg vektlagt HMS-forholda for både mannskapet og pasientane, samt universell utforming. I tillegg har vi hatt stort fokus på miljøet. Ambulansebåten har derfor fått moderne Euro6-motorar som har den nyaste teknologien når det gjeld miljøutslepp. Per i dag er dette den mest funksjonelle ambulansebåten i Noreg, seier Jensen.

«Rosedoktoren» vart sett i teneste allereie måndag, og «Tornerose» skal vera reservebåt. Ambulansebåten skal vera stasjonert på Sunde og dei fleste ambulanseoppdraga vil vera i Sunnhordlandsbassenget. Sidan båten er klassa til fartsområde 4, kan den dermed gå til Espevær eller Bergen ved behov.

NY AMBULANSEBÅT: «Rosedoktoren» er den nye katamaranambulansen som skal vera stasjonert på Sunde. Her blir gangvegen i baugen testa, der ein enkelt kan trilla inn ei båre gjennom døra på babord side.

NY AMBULANSEBÅT: «Rosedoktoren» er den nye katamaranambulansen som skal vera stasjonert på Sunde. Her blir gangvegen i baugen testa, der ein enkelt kan trilla inn ei båre gjennom døra på babord side.

TO BÅRER: Her ser vi éin av to båreplassar i «Rosedoktoren», komplett med multimonitor og tilgang til pasientopplysingar frå AMK-sentralen.

TO BÅRER: Her ser vi éin av to båreplassar i «Rosedoktoren», komplett med multimonitor og tilgang til pasientopplysingar frå AMK-sentralen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags