Dersom formannskapet følgjer rådmannen sine tilrådingar, vil det mellom anna ikkje vera økonomi til å opna den sjette avdelinga ved Rosendalstunet.

Frå sektoren er det eit behov for 466 millionar kroner, medan budsjettet legg opp til ei ramme på 444 millionar.

I rådmannen sin konklusjon heiter det at det er store utfordringar å ta ned drifta til føreslegen ramme. Dei siste to åra er det gjennomført store nedskjeringar, samtidig som behovet for tenester er auka. Med budsjettramma som ligg til grunn no, har ein ikkje ressursar til å opna den sjette avdelinga på Rosendalstunet, heiter det.

Andre tiltak som må gjennomførast er reduksjon i alle tenester, men truleg mest på heimetenestene.

– Dette vil bli ein krevjande balansegang i forhold til fagleg forsvarlege tenester, brukarane sine behov og tilsette si arbeidsbelastning. Eg vil ikkje tilrå å gjennomføra så store innsparingar slik situasjonen i tenesta er no, både med omsyn til brukarane sine behov og tilsette sine arbeidsvilkår, heiter det i rådmannen sine kommentarar.

Rådmann Torstein Aarthun seier det er krevjande å få endane til å møtast:

– Vi er i gang med ei sak som gjeld opning av den sjette avdelinga ved Rosendalstunet, og det er lyst etter folk. Men slik stoda er no, har vi ikkje økonomi til det. Det er i dag ikkje samsvar mellom behov og dei midlane vi har til rådvelde, forklarer Aarthun.