Pårørandeskule for personar med demens

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


Det vert arrangert pårørandeskule for pårørande av personar med demens og andre som står den sjuke nær, som til dømes vener, naboar og andre, kjem det fram i ei pressemelding.

Tema som vil bli tatt opp på undervisningskveldane er: Kva er demens-sjukdom? I tillegg blir det kommunikasjon med personar med demens, og rådgjevar Grete Revne frå kommunen vil snakka om lovverket, forvaltningstenesta og det kommunale tilbodet. Advokat Synnøve Handeland vil snakke om verje, verjemål, framtidsfullmakter og samtykkekompetanse. Spesialisthelsetenesta vil informera om sine tilbod, og NAV sin hjelpemiddelsentral informerer om aktuelle hjelpemiddel. Det vil bli halde erfaringsinnlegg frå pårørande til personar med demens, og det vert samtalegrupper for deltakarane av kurset på slutten av kvar kurskveld. Undervisninga vil vera på Rådhuset i Rosendal i kommunestyresalen på ettermiddag- og kveldstid. Kurset vil bli halde over fire kveldar i september og oktober (19.09, 03.10, 17.10 og 31.10).

Lokal arrangør er demensteamet i Kvinnherad kommune med støtte frå Nasjonalforeningen for folkehelse og Nasjonal kompetansetjeneste Aldring & helse.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags