Donorkort i kjernejournalen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


No er det mogleg å markera seg som organdonor i den elektroniske kjernejournalen som alle har, tipsar fastlege Oddvar Larsen.

Den er tilgjengeleg for alle sjukehus og legar og vert nytta i akuttmedisinske situasjonar. Den er derfor ein naturleg stad å markera at ein ønskjer å være organdonor.

Ein kan fylla ut og lagra Donorkortet i sin kjernejournal på helsenorge.no.

Denne funksjonen er eit likeverdig alternativ til det å ha Donorkortet i lommeboka, eller som app på telefonen, og er meint som eit supplement til samtalen med familien. Her kan ein føra opp to pårørande som er informerte om ditt standpunkt, samt senda ut ei bekrefting til desse per SMS.

Bak løysinga står Stiftelsen Organdonasjon, LNT, Helsedirektoratet og Direktoratet for E-helse og Helse- og omsorgsdepartementet.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags