Innbyggjartalet i dag er høgare enn i 1974, men talet skuleelevar har gått ned med nesten 500

SKULESTRID: Skulenedleggingar har gjennom alle år skapt stort engasjement i Kvinnherad. Men talet barn har også gått kraftig ned på desse åra. 
(Frå arkivet til kvinnheringen)

SKULESTRID: Skulenedleggingar har gjennom alle år skapt stort engasjement i Kvinnherad. Men talet barn har også gått kraftig ned på desse åra. (Frå arkivet til kvinnheringen)

«Forgubbing» av Kvinnherad-samfunnet er utvilsamt reelt.

DEL

Så var vi der igjen, at skulestrukturen er blitt gjenstand for heit debatt i samband med budsjettarbeidet til kommunen. Kommunedirektøren seier at talet skuleelevar går drastisk ned. Somme hevdar at diskusjonen om skulestruktur er bortkasta, då det likevel ikkje kjem til å skje noko når alt kjem til alt. Men korleis har skulestrukturen og elevtalet utvikla seg i eit historisk perspektiv? Vi har teke ein overflatisk, men nokså spennande kikk på dette, ved å sjå litt i arkivet til Kvinnheringen og i tidlegare skulestrukturrapportar.

Først og fremst; eit søk på «skulenedlegging» i Kvinnheringen sitt arkiv genererer eit utal treff. Første gongen omgrepet ser ut til å vera brukt, er i eit lesarinnlegg i 1980, som omhandlar Baugstranda skule. Men kostnadane med Kvinnherad-skulen vekte uro hos administrasjonsleiarar i kommunen lenge før den tid.

I mars i 1974 kan vi lesa at skuleskyssen til elevane i den desentraliserte Kvinnherad-skulen utgjorde nærare ti prosent av det samla skulebudsjettet på 13 millionar. Talet var ifølgje artikkelen svært høgt samanlikna med folketalet og talet elevar i grunnskulen. Talet skular i Kvinnherad var då 26, og elevtalet 2.100, står det å lesa.

Læringsmiljø

I 1989 vert foreldra ved Matre, Baugstranda og Fatland skular spurde kva dei tenker om ei eventuell skulenedlegging. Då har skulesjefen begynt å sjå på at kostnadane ved fådelte skular er fire gonger så høg som ved dei største skulane, og 2,5 gonger så høg som gjennomsnittet i kommunen. I tillegg er han uroa for læringsmiljøet.

«Når elevtalet er under ti, vil vi hevda at miljøet er for lite til å skapa dei beste oppvekstkåra for god sosial læring», er det referert til frå skulesjefen si utgreiing.

Men foreldra ønskte å behalda skulane, og skulesjefen gjekk ikkje inn for noko nedlegging då.

I år 2000 føreslår dåverande kommunalsjef å leggja ned ni skular. Holmedal, Matre, Løfallstrand, Fatland, Bringedalsbygda, Ølve, Trå og Brekke, samt ungdomstrinnet ved Åkra. Få år før er Seglem skule vedtatt nedlagt, og Baugstranda skule har også blitt borte. I avisartiklane som omtalar dei politiske møta, ser vi at politikarane debatterer kvalitet og pedagogikk, skulestorleikar og skulebygningar.

– Det er uheldig at kvar gong denne strukturdebatten dukkar opp, så går bygdefolket og lærarane i skyttargrava. Då vert det vanskeleg å få til ein konstruktiv debatt om den framtidige skulen, er den gongen SV-leiar Arve Opsanger sitert på i Kvinnheringen 10. mars i år 2000.

Kva skjedde med skulane på kommunalsjefen si liste?

Berre Bringedalsbygda eksisterer framleis. Holmedal, Matre, Løfallstrand, Fatland, Ølve, Trå og Brekke er alle nedlagde, og ungdomstrinnet ved Åkra er flytta til Rosendal ungdomsskule. Alt skjedde rett nok ikkje over natta. Og der ein nokre stadar stod på barrikadane til siste slutt, blei det andre stadar vedtatt å leggja ned skulane, eller leggja dei «på vent», meir eller mindre i semje med foreldra.

Utviklinga i elevtalet i grunnskulen har, som diverse administrasjonsleiarar har peikt på i løpet av dei seinare åra, gått betydeleg ned. Folketalet i Kvinnherad var i 1974 på 12.322. Elevtalet, som vi såg var på 2.100 den gongen, utgjorde då altså 17 prosent av det totale innbyggjartalet.

Frå 17 til 12,32 prosent

Våren 2010 forsvinn fleire skular, denne gongen Hauge, Sætre og Tofte. Dette fordi Halsnøy skule blir oppretta. Då er elevtalet i Kvinnherad på 1850.

I 2015 har kommunen 17 skular og 1745 grunnskuleelevar.

Det inneverande skuleåret, 2019/2020, er det 1615 elevar fordelt på 15 kommunale skular i kommunen vår, samt 20 elevar som går på privatskulen Ølve Montessoriskule. Altså er status i dag 485 færre grunnskuleelevar enn for 45 år sidan, og 11 færre kommunale skular. Elevtalet utgjer i dag 12,32 prosent av innbyggjartalet på 13.105. Og den noverande kommunalsjefen sine prognosar seier altså at elevtalet skal gå ned med ytterlegare 250 berre i løpet av dei neste fem åra.

Fødselstalsutviklinga gjennom desse tiåra er nok eit grafisk bevis på denne utviklinga: Levandefødde i Kvinnherad i 1975 var 222, i 1985: 198, 1995: 178, i 2005: 136 og i 2018: 109. (Kjelde: SSB).

Kort summert opp: Folketalet i dag er litt høgare enn i 1974, men talet skuleelevar har gått ned med nesten 500. Det populærkulturelle uttrykket «forgubbing» er altså heilt innafor å bruka. Korleis ein skal løysa dette, er eit mykje vanskelegare spørsmål som dei lærde stridest om. Kanskje er rett og slett «gubbe-samfunn» den nye vinen? Vi ønskjer uansett politikarane lukke til med budsjettarbeidet.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags