Held fram med å støtta TV-aksjonen

Johan Berg (t.v.), fabrikksjefen på Husnes, overrekte gåvesjekken onsdag føremiddag. (Pressefoto).

Johan Berg (t.v.), fabrikksjefen på Husnes, overrekte gåvesjekken onsdag føremiddag. (Pressefoto).

Av
DEL


Hydro held fram med å støtta TV-aksjonen, som i år går til CARE Norge sitt viktige arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder.

Fabrikksjef Johan Berg ved Hydro Husnes stod for overrekkinga av ein gåvesjekk på 100.000 kroner til den lokale TV-aksjonen ved administrasjonsbygget på Husnes onsdag.

TV-aksjonen i år skal gje kvinner sjanse til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få stemma si høyrt.

– For Hydro er dette viktige tema som set søkelyset på ein av dei store utfordringane verda står overfor i dag. Eg oppmodar alle våre tilsette til å bidra i denne nasjonale dugnaden og delta som bøsseberar i lokalsamfunnet, seier Hilde Merete Aasheim, konsernsjef i Hydro.

Kvart år gjev Hydro sine produksjonsstader i Norge 100.000 kroner kvar til TV-aksjonen, totalt 1,1 millionar kroner. Hydro sine produksjonsanlegg finn ein i dag på Karmøy, Sunndal, Årdal, Høyanger, Husnes, Røldal-Suldal, Rjukan, Magnor, Vennesla, Holmestrand og Oslo. Dette gjev engasjement og ein lokal forankring til TV-aksjonen sitt arbeid i store deler av Norge.

– Vi er svært takknemlege for at Hydro nok ein gong er med på å gje eit fantastisk bidrag til å aksjonen i år. Arbeidet som blir gjort både lokalt og sentralt er viktig for at vi skal lukkast med den største dugnaden i verda, seier Vibecke Østby, leiar for TV-aksjonen.

Summen frå kvart verk vil i år mellom anna medverka til å oppretta cirka 18 spare- og lånegrupper som kan brukast til å senda barna på skule, starta bedrifter og tilsetja fleire kvinner.

- Inkludering og likestilling er viktig for å løfta kvinner opp og fram både i næringslivet og samfunnet for øvrig. Hydro har verksemder i meir enn 40 land og vi er avhengig av tilgang til kompetanse og arbeidskraft. Vi jobbar aktivt med investeringar i utdanning for å leggja grunnlag for nettopp dette, avsluttar Aasheim.

For dei tilsette på Hydro Husnes sin del har dei støtta Care sitt arbeid i meir enn 15 år med forskjellige prosjekt. Frå brønnboring, mor/ barn klinikk og spare- låne grupper, slik at dette er ein organisasjon dei tilsette er vel kjend med.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags