Ingen Hjertefred i år

Frå Hjertefred i fjor. (Arkivfoto).

Frå Hjertefred i fjor. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Sidan 2010 har minnearrangementet Hjertefred blitt arrangert her i kommunen kvar allehelgensdag. Men dette året blir det avlyst.

DEL

I sju år på rad har arrangørane bak Hjertefred Kvinnherad lyst opp haustmørkret med vakre, varmande minnearrangement i Husnes sentrum på allehelgensdagen. Men no har styret avgjort at dei ikkje kan ta på seg å gjennomføra arrangementet dette året.

– Vi har diverre ikkje lukkast med å skaffa nye midlar dei siste åra. Det er vanskeleg å få inn midlar til små frivillige organisasjonar. Men trass i at vi er små, er det å gjennomføra slike arrangement likevel eit stort ansvar, og sjølv om bidragsytarane til arrangementet gjer det frivillig, er det alltid kostnadar som gruppa vår er ansvarleg for. Dette økonomiske ansvaret har vi diverre ikkje høve til å ta på oss i år, forklarer initiativtakar og leiar Inger Helen Hardeland Hjelmeland.

Ho seier det var ei tung avgjerd å landa på, og at mange har vore faste gjester på arrangementet kvart einaste år.

– Vi set stor pris på dei mange støttespelarane våre, som både hjelper til med gjennomføring og som deltar på arrangementet. Det var ikkje noko kjekt å koma fram til at vi ikkje får det til i år. Men håpet er at vi får inn nok midlar til at vi kan klara å arrangera Hjertefred Kvinnherad igjen i 2018, seier Hjelmeland.

Ho legg til at Hjertefred Tysnes vil ha eit arrangement på allehelgensdagen, og at dei som vil kan ta turen dit. Konseptet Hjertefred starta som eit gratis, livssynsnøytralt minnearrangement, etter initiativ frå kunstnaren Bjørg Thorhallsdottir som blei enke i ein alder av 30 år. Ho ønskte at sonen Tolli, som då var to år, skulle få vera med og minnast pappaen sin i glede på Allehelgensdagen. Sidan har arrangementet spreidd seg til heile landet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags