Frå september til oktober aukar talet på hjortepåkøyrslar med over 60 prosent i Hordaland, står det i ei pressemelding frå Gjensidige.

Dei fleste ulukkene skjer mellom klokka 07 og 08 om morgonen, og etter klokka 17 og fram mot midnatt.

Kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, minner om at viss ein køyrer på eit dyr, har ein plikt til å melda frå. Først må ein merka staden, og så ringa politiet som vidare tar kontakt med viltnemnda.