No også med kontor i Norheimsund

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Borgen Advokatar AS overtek kontoret til Advokatfirma Kvåle ANS i Norheimsund. Avtalen kom i stand ved årsskiftet som eit resultat av at advokat Øyvind Kvåle pensjonerer seg med verknad frå 30. april i år.

Borgen Advokatar AS har hovudkontor på Stord og har frå før avdelingskontor i Kvinnherad, Haugesund og på Voss. Borgen Advokatar AS og Borgen Rekneskap AS består av til saman 24 medarbeidarar. 16 er advokatar, 4 er rekneskapsførarar og 4 er advokatsekretærar, heiter det i ei pressemelding.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags