Hotellet er selt

Husnes Hotel er seld, men det er ikkje planar om hotelldrift i hotellet.

Husnes Hotel er seld, men det er ikkje planar om hotelldrift i hotellet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Husnes Hotel er selt til Geir Rusten og Elin Stene. Dei skal ikkje driva hotell.

DEL

Sunnhordland Eiendom som er eigd 50 prosent av Stene og 50 av Rusten, har kjøpt hotellet av Jan Haveland. Summen vil dei ikkje seia noko om.

Geir Rusten seier at kontraktane med Haveland vart underteikna måndag føremiddag.

No skal han mellom anna i dialog med kommunen, og drøfta om det tidlegare hotellet kan vera aktuelt å nytta på noko vis av kommunen.

– For oss har det vore viktig å få hand om bygget som ikkje vil bli brukt som hotell. Det er stort potensial i bygget, og kva vi skal bruka det til vil tida visa.

Dei nye eigarane vil snart gå i gang med å «shina» opp området og bygget.

– Bygget ser ikkje fint ut på utsida, men det 3.300 kvadratmeter store bygget er solid og store delar er i betong. Dermed er det lett å gjera noko med mykje av det. Samstundes blir det ein tøff jobb å få rydda opp og få orden på hotellet utvendig. Alle ser at det ikkje er eit vakkert syn, og slik kan vi ikkje ha det i regionsenteret Husnes, seier Rusten.

I ein overgangsfase kan det vera aktuelt å leiga ut rom til for eksempel arbeidarar, og av dei 48 romma er rundt 30 heilt greie, hevdar den nye eigaren.

Rusten avviser at det er aktuelt å leiga ut hotellet til asylmottak. Han tru heller ikkje det blir aktuelt å skapa nytt liv i for eksempel Vift.

– For oss er det viktigaste no at vi har fått hand om bygget, og så må vi la det synka litt inn at vi no har kjøpt det, seier Rusten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags