Dramatisk då ein 47 meter lang kranbåt tok inn vatn og begynte å søkka i Høylandsbygd

Ei rundt 40 meter lang flytekran i Høylandsbygd haldt på å gå under grunna ein lekkasje i skroget.

Ei rundt 40 meter lang flytekran i Høylandsbygd haldt på å gå under grunna ein lekkasje i skroget. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Klokka 10.39 laurdag melde 110 Hordaland på Twitter at ein flytekran tok inn vatn i maskinrommet. Klokka 14.00 kunne brannsjefen melda at hola er tetta.

DEL

Det var flytekranen Eide Lift 8 som byrja å ta inn vatn i maskinrommet laurdag føremiddag. Ein time etter 110 Hordaland melde om flytekrana som tok inn vatn i Høylandsbygd, skreiv Vest politidistrikt at det var fare for at båten skulle gå ned.

– Båten søkk. Eg får oppgitt at den går ned to centimeter per 10. minutt. Brannvesenet har mobilsert det vi kan av pumpekapasitet. No må vi prøva å stabilisera den slik at den går opp att, sa brannsjef Atle Josdal til Kvinnheringen, like før klokka 12.

Ein halvtime seinare melder brannsjefen at båten er stabil:

– Den er på veg opp for augneblinken. Men det er viktig at vi får lokalisert lekkasjen. Det jobbar vi med no, opplyser Josdal.

Brannvesenet har fem bilar på staden og 15 mann i sving, saman med andre i området. Kystvakta er også på staden.

Båten er ein 47 meter lang kranbåt som ligg på staden for reperasjon, opplyser Josdal. Vatninntrenging i skroget og feil ballast skal vera årsaka til hendinga.

Klokka 14.00 kunne brannsjefen melda om at dei hadde funne hola der lekkasjen kom frå, og at dei jobbar med å sikra tetningspluggane.

– Det ser veldig bra ut. Mannskap frå brannvesenet, og mannskap frå Kystvakta jobbar med havaristen. Det er ikkje mange centimeterane før hola er over sjøoverflata, seier Josdal.

Brannsjefen seier vidare at dei vil halda fram med å vera på staden fram til kapteinen bekreftar at båten er stabil.

– Det har vore ytra ønskje om av i sender inn røykdykkarar i båten for å sjekka, så vi vil bli igjen på staden for å bistå eigaren ei stund til, avsluttar Josdal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags