Stor suksess etter årets humanistiske konfirmasjon

Karl Petter Vårdal og Gaute Lund er rørte over dei gode tilbakemeldingane etter årets humanistiske konfirmasjon.ARKIVFOTO

Karl Petter Vårdal og Gaute Lund er rørte over dei gode tilbakemeldingane etter årets humanistiske konfirmasjon.ARKIVFOTO

Human-Etisk Forbund i Kvinnherad scora høgt på årets konfirmasjonstilbod. Kursleiarane Gaute Lund og Karl Petter Vårdal er rørte over alle tilbakemeldingane.

DEL

Etter årets humanistiske konfirmasjon i Kvinnherad blei alle foreldra inviterte til å delta i ei anonym undersøking. 62 prosent av familiane deltok, og tilbakemeldingane var over all forventing:

– Faktisk blant dei beste i landet, smilte den fornøgde kursleiaren Gaute Lund, og la til:

– Foreldra kunne svara med karakterane éin til fem på ei rekkje spørsmål, og snittkarakteren vår var tett oppimot fem!

Heile 100 prosent av foreldra som svara ville anbefala humanistisk konfirmasjon til andre.

– Det einaste punktet foreldra var litt kritiske til, gjekk på informasjon om seremonien, påpeika Lund, og fortset:

– Det forstår vi godt, og vi hadde nokre meldingar der vi surra med tidspunkt, men det ordna seg heldigvis.

Deltakarane i undersøkinga rosa både opplegget, innhaldet og leiarane:

– Det var veldig dyktige kursleiarar, og ungdommen skryt over eit spennande og lærerikt kurs, svara enkelte av foreldra.

Kursleiar Karl Petter Vårdal var rørt over tilbakemeldingane:

– Vi er audmjuke overfor dei som vél å markera denne overgangen i livet saman med oss, og tilbakemeldingane gir inspirasjon til neste års konfirmasjon, smilte Vårdal!


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags