Håpar kommunen kan ta grep

Ordførar Synnøve Solbakken meiner hotellet i sentrum ser verre ut enn nokon gong, og håpar det finst lovverk som gjer at kommunen kan gripa inn. (Foto: Mona Grønningen).

Ordførar Synnøve Solbakken meiner hotellet i sentrum ser verre ut enn nokon gong, og håpar det finst lovverk som gjer at kommunen kan gripa inn. (Foto: Mona Grønningen).

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Ordføraren har bedt rådmannen vurdera lovverket for å sjå om det er noko kommunen kan gjera for å rydda opp i tilhøva ved Husnes Hotel.

DEL

— I dag er forholda i og rundt hotellet verre enn nokon gong. Nok er nok, seier ordførar Synnøve Solbakken.

Ho håpar det kan finnast lovheimlar som kan opna opp for at kommunen kan gripa inn og gjera tiltak for å rydda opp i tilhøva ved hotellbygget.

— Slik det er no, så er det uansvarleg med så mykje knuste glas og inventar både inne og ute. Hotelleigaren sa til meg at han skulle rydda opp, men eg svarte at det er heilt andre tiltak enn opprydding som må til her. Det er ikkje nok med rydding, seier Solbakken.

Ho håpar å få ei utgreiing frå rådmannen innan kort tid.

Jan Haveland har gitt Kvinnherad kommune tilbod om å kjøpa hotellet. Han meiner elles han har sikra hotellet så godt han kan. Hotelleigaren er oppgitt over dei stadige innbrota og hærverka på hotellbygget, men meiner han har gjort det han kan for å sikra bygget som står til nedfall i Husnes sentrum.

— Det er ikkje min jobb å passa på idiotar, det er politiet si oppgåve, seier Haveland.

— Kva er gjort med dei knuste vindaugo og inngangsdørene som har ført til at det berre er å gå rett inn i sjølve romfløya?

— Dei er tetta til etter kvart. Eg har personar som skal sjå til bygget, hevdar Haveland.

— Ifølgje politiet vart det funne ein del spesialverktøy i samband med denne arrestasjonen. Det seier seg sjølv at det går ikkje å sikra seg godt nok mot folk som nyttar seg av spesialverktøy for å ta seg inn i hotellet, seier Haveland.

Han meiner ordføraren kan takka seg sjølv for at hotellet har stått tomt i fleire år.

— Det sa eg til ordføraren i telefonsamtalen eg hadde med henne for nokre dagar sidan. Hadde ikkje ho hindra at det vart asylmottak på Husnes, så hadde det vore aktivitet i bygget i dag, hevdar Haveland.

— Eg er glad for at eg fekk hindra etableringa av eit nytt asylmottak på Husnes. Det er hotell vi treng, ikkje asylmottak. Vi skal ta i mot asylsøkjarar, men på ein heilt annan måte enn å plassera dei på eit mottak, kommenterer ordføraren påstanden frå Haveland.

Hotelleigaren har ingen konkrete planar for hotellet per i dag.

— Planar og planar. Eg er i samtalar med fleire. Når aktiviteten ved Hydro Husnes tek seg opp, så trur eg interessa for hotellet vil stiga. Vi får berre sjå kva som skjer framover, seier Haveland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags