Sendt ut av landet

(Arkivbilde).

(Arkivbilde).

Artikkelen er over 5 år gammel

To utanlandske menn som blei arrestert i Kvinnherad førre veke er no sendt ut av Norge.

DEL

Onsdag blei den eine mannen arrestert. Han fekk førelegg med utvisningsvedtak, for bruk og oppbevaring av narkotika, og for innbrot på Husnes hotell. Mannen vedtok førelegget på 10.000 kroner og er no sendt ut av landet.

Den andre mannen blei pågripen torsdag kveld. Han fekk eit førelegg på 12.000 kroner på grunn av eit forhold frå 2013, eit grovt tjuveri gjort ein annan stad i landet. Vedkommande blei asvlørt på bakgrunn av tekniske spor. Han godtok førelegget og er også utvist av landet.

Politiet trur begge personane oppheldt seg på hotellet ulovleg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags