Vurderer å stenga sentergarasjen på kveldstid på grunn av børning

Artikkelen er over 1 år gammel

Børning og støy har blitt eit så stort problem i sentergarasjen på Husnes det siste halve året, at Geir Jakobsen no må vurdera å stenga den på kveldstid.

DEL

Mange ungdommar i bilmiljøet samlar seg med bilane sine i garasjen til Husnes Storsenter på kveldstid. Der er det god plass når dei fleste butikkane er stengde, og dei kan stå tørt, under tak. Men det siste halvåret har dette ført til sjau, fordi nokre av bilistane fløytar, svir gummi, rusar motoren, spinn på asfalten og køyrer fort i garasjen. «Børninga» har ført til brannutrykking fordi røyken har løyst ut brannalarmen, og naboane på Kvadraten og i Teigen-bygget synest støyen er sjenerande og har klaga. No må senterleiar Geir Jakobsen vurdera å stenga garasjen på kveldstid for å få slutt på problemet.

– At ungdommane samlar seg der med bilane sine er ikkje noko problem i utgangspunktet. Det er berre kjekt at dei kan ha ein samlingsplass. Men då må dei oppføra seg. Eurospar har til dømes ope til seinare på kvelden enn resten av butikkane på senteret, og dermed kan det vera fortgjengarar og andre bilistar i nærleiken av garasjen. Då kan det vera farleg at desse ungdommane spinn rundt eller køyrer fort.

Støyen frå bilane skjer stort sett kvar kveld og litt utpå natta i helgene. Jakobsen seier at nokre ungdommar går igjen, men at det òg kjem nye til.

– Både eg og politiet har hatt dialog med fleire av dei, og dei står fram som angrande syndarar. Eg har ikkje lyst til å stenga garasjen eller jaga dei vekk, og eg har derfor gitt ungdommane éin siste sjanse til å endra åtferd. Viss ikkje blir eg berre nøydd til å stenga. Så no er det opp til ungdommane sjølve, seier Jakobsen til Kvinnheringen.

Han har også skrive eit innlegg på Facebook-gruppa Kvardagsprat i Kvinnherad som han håpar mange får med seg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags