Ting på gang i Aktivitetsparken

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

På fine vårdagar er Aktivitetsparken Lunden ved skulane på Husnes ein fin plass å opphalda seg. Styret skriv på Facebook-gruppa «Aktivitetsparken» at siste finpuss på Tufteparken blir gjort no, der det skal såast, planerast og setjast opp lys.

I tillegg er styret i full gang med planlegging av ein leikepark, og den første aktivitetsflata der blir ein såkalla «pumptrack»-bane for syklar, rulleskøyter, skateboard og sparkesyklar. Den er bestilt, og om ei lita stund blir det derfor nærmare 50 meter med bane å boltra seg på, skriv styret.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags