Ho er busett i Vitry-sur-Seine, ein av forstadane til Paris som ligg 12 minutt frå St.Michel, sentrum av Paris. Ho fortel at ho var i ferd med å leggja seg då ho natt til laurdag kom til å sjå nyhenda på fjernsynet om terroren. Ho vart sitjande oppe til langt på natt.

Då Kvinnheringen snakkar med ho på telefon mandag føremiddag, er ho på veg inn til Paris for å vera med på minnemarkeringa kl. 12. Denne dagen vart dei 129 offera for terroren minna med eitt minutts stille over heile Frankrike. Sandie og Lene, ei norsk veninne som var på besøk, reiste saman inn til byen for å tenna lys for dei som mista livet. Etter lystenninga var planen å setja seg på ein kafe og arbeida.

– Set dykk inst i lokalet, ikkje ved vindauget! var den innstendige oppmodinga frå vener.

Rysta

Sandie er til liks med alle andre rysta over det som har hendt, men til skilnad frå oss her heime er det vanskelegare for henne å få avstand til dei grufulle hendingane. I gata der ho bur snakkar alle om terroren, og alle er triste. Sandie følgjer ungane til skulen, og fortel at foreldre som ikkje gjer det same møter reaksjonar frå andre foreldre. Alle er litt meir på vakt enn før. Sjølv mista ho ingen ho kjende i terroraksjonane, men fleire av venene hennar opplevde å missa nokre som stod dei nær. Ei veninne som bur like ved konsertlokalet Bataclan, kjenner på sterkt ubehag ved å ferdast i området der nå, med dei to små tvillingane sine. Det er framleis blod i gatene. Ein annan av venene til Sandie er traumepsykolog. Han var ute heile terrornatta for å hjelpa dei som trong det.

Sandie seier ho mottok ein sms frå han seinare, der han fortalde om hjarteskjerande møte med menneske som var døyande, og med born som han måtte gje den vonde meldinga om mors død til. Opplevingane til venen har gjort sterkt inntrykk på henne.

Sandie fortel at ho også kunne ha vore ute denne svarte natta. TV2 ringde og ville ha henne ut på reportasje. Då angrepet på Charlie Hebdo skjedde, vart Sandie nemleg engasjert som reporter og tolk for dei. Denne gongen takka ho nei. Som fotograf jobbar ho jamleg for norsk presse som Aftenposten, A-Magasinet og Bergens Tidende.

– Eg ville ikkje risikera livet mitt, seier ho, og nemner dei to borna sine, som ho har saman med sambuaren Yohann. Ho vart likevel liggjande vaken og tenkja på om ho sjølv hadde mista nokre kjende i terroråtaka.

Angrep

Angrepa i Paris kjennest som eit angrep på sjølve livet, slik det vert levd av parisarane. Sandie skildrar venekampen mellom Tyskland og Frankrike på Stade de France som eit typisk døme på hendingar som parisiske familiar tek barna med på. Områda rundt Bastillen, der folk vart drepne på kafear og ved konsertlokalet Bataclan, er populære stader blant dei unge i helgane.

Å gå rundt i desse områda nå, er svært kjensleladd. Det er stearinlys i heile Paris, seier Sandie. Det er ikkje bare Paris, men heile verda som er truga, meiner ho. Sjølv får ho assosiasjonar til det som hende på Utøya.

Ho har sett enormt pris på alle som har sendt meldingar til henne på facebook for å høyra korleis ho har det og for å uttrykka støtte. Ho opplever det også fint at så mange har lagt det franske flagget eller dei franske fargane over profilen sin. I Paris har det blitt vanleg å tenna lys og setja i vinduskarmane, i solidaritet med dei familiane som har mista nokre av sine kjære.

– Tenn masse lys i Kvinnherad! oppmodar Sandie inderleg. Set lys i vinduskarmane de og, så kan de vera med og visa støtte og solidaritet slik som me gjer det i Paris. Ei slik oppmoding vert nok ikkje vanskeleg å få tilslutting til. Det er allereie tend lys i mange kvinnherske heimar med særskilde tankar og bøner til Paris i desse dagar. – Følg meg gjerne på facebook og, sluttar Sandie. Der kjem eg til å leggja ut bilde framover frå scenar i Paris der folk samlast om lystenning i gatene.