Avgjersla blei tatt på bakgrunn av at det gamle deponiet for bauksittrestar nærmar seg full kapasitet som følge av pålegg frå brasilianske styresmakter om å ikkje bruka ein ny og moderne pressfilter-teknologi og det nye deponiet for bauksittrestar, skriv Hydro i ei pressemelding onsdag.
Norske smelteverk kan bli stengt om få månadar viss produksjonen ved aluminaraffineriet Alunorte ikkje begynner igjen, skriv E24, som viser til bransjebladet Montel.
Det er underskot på alumina i marknaden, og prisane på alumina har gått opp mykje den siste tida. No kan det bli ytterlegare kamp om råstoffet.
– Når vi no starter full nedstenging ved Alunorte, så vil det etter kvart påverka dei norske aluminiumsverka, seier informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro, til energibransjebladet Montel.
Alumina er ein sentral ingrediens i produksjonen av aluminium.
Hydro-aksjen stuper med over ti prosent onsdag, etter nyhendet om at selskapet stenger det som er verdas største aluminaraffineri. Alunorte har drive på halv kapasitet sidan mars, og sidan den gong har Hydro måtta sikra seg alumina i marknaden.
