Fabrikksjef Johan Berg seier at det er god etterspurnad etter Hydro Husnes sine produkt i den europeiske marknaden, ifølgje ei pressemelding. Verksemda på Husnes produserer for fullt og har auka delen av omsmelting av kaldmetall for å møta ein auka etterspurnad.

– Vi er nøgd med utviklinga. Kundane vil ha produkta våre og vi får gode tilbakemeldingar på kvaliteten. Dette er svært viktig for oss i ein stadig meir krevjande global konkurranse, seier Berg.

Stabil drift og høgt aktivitetsnivå

Hydro Husnes produserte 46.797 tonn i første halvår 2018 (mot 46.648 tonn samme periode i 2017). Samstundes som at det er høg aktivitet i heile organisasjonen med oppstart av B-hallen.

– Eg er meget tilfreds med korleis organisasjonen taklar det høge aktivitetsnivået. Dei viser stort engasjement og eigarskap til prosessane. Vi har stabil drift og gode resultater i heile verdikjeda, seier Berg.

Førebuingane til oppgradering og gjenopning av B-hallen går etter planen, heiter det i pressemeldinga. Det er venta at ein vil starta produksjonen første halvår i 2020 og skapa 90 nye arbeidsplasser på Husnes.

Hydro Husnes produserer i dag rundt 95.000 tonn primæraluminium på årsbasis. Med gjenopning vil aluminiumverket produsera rundt 190.000 tonn aluminium i året.