Hydro med oppfordring til lokalsamfunnet: – Sjå på dette som ei moglegheit

Onsdag kveld orienterte Hydro-leiinga om det som skjer og skal skje ved anlegget på Husnes.

DEL

Konsertsalen i Kulturskulesenteret var full då leiinga fortalde om alt som skal skje fram mot gjenopninga av B-hallen i 2020.

Fabrikksjef Johan Berg ønskte velkommen, medan prosjektleiar Kenneth Blom fortalde i nærmare detalj om kva arbeid som skal gjerast inne på området den neste tida.

Høg aktivitet

Over 1.000 arbeidarar utanfrå vil vera involverte i arbeidet i løpet av dei neste 12–18 månadane.

Når B-hallen er i full produksjon og annan oppgradering på området er gjort, er målet til Hydro Husnes å produsera nærmare 200.000 tonn aluminium i året.

Rundt 200 nye omnar med ny teknologi er bestilt frå Kina.

– Vi har allereie tjuvstarta for å testa ut teknologien. I A-hallen er nokre av dei gamle omnane bytte ut med dei nye. A-hallen skal få same teknologien som B-hallen, men det er noko vi gradvis må ta seinare, sa Kenneth Blom.

Oppfordring til folket

– Mange arbeidarar vil vera i sving samstundes. Truleg vil vi laga meir enn 1.000 adgangskort i løpet av perioden. Det er mykje folk som vil passera gjennom Husnes i kvardagen den komande tida, sa Victoria Kielland Einejord frå Hydro sentralt.

I eitt år framover vil det vera ei konstant bemanning på rundt 200–250 personar, blei det opplyst. Oppfordringa frå Hydro særleg til servicenæringa er derfor å ha desse i tankane, særleg med tanke på opningstider og skreddarsydde tilbod.

– Vi tenker at det her kan vera store moglegheiter for lokalsamfunnet, fortalde Kielland Einejord.

Mange av arbeidarane skal bu i det som blir kalla Camp Husnes, brakkeleiren i Bogsnes. Det er Stord Innkvartering som fekk jobben med å setja opp leiren, som skal husa 88 personar og nesten fungera som eit hotell.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags