Usikker verdsøkonomi preger aluminiumsindustrien

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

Hydro Husnes presenterte onsdag eit overskot i tredje kvartal før renter og skatt på 35 millionar kroner.

DEL


Trass i makroøkonomisk usikkerheit og ein krevande marknad, leverer Hydro Husnes eit positivt driftsresultat for kvartalet.

– Vi opplever for tida låg etterspurnad og dårlege marknadar. Det bekymrar oss. Prisen på aluminium er låg og etterspurnaden blir drive av låg aktivitet i Europa generelt. Spesielt i Tyskland ser vi blant anna stor nedgang i bilproduksjonen. God drift, lågare råvarekostnad og svak kronekurs gjer at vi likevel kan rapportera om positivt driftsresultat, seier fabrikksjef Johan Berg.

Oppgradering og oppstart av B-hallen går etter planen. Aktiviteten i prosjektet med å oppgradera og starta opp igjen B-hallen er på sitt høgste i desse dagar. Etter planen er det oppstart i første halvår av 2020.

– Det blir jobba godt i prosjektet og med førebuingane til oppstart. Det er stor innsats frå alle i organisasjonen, fortel Berg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags