Klart for «Nattcup» i innebandy

I FJOR: Her ser du jentelaga «Benchwarmers United» og «Resolver» i eit tett oppgjer under nattcupen i fjor.

I FJOR: Her ser du jentelaga «Benchwarmers United» og «Resolver» i eit tett oppgjer under nattcupen i fjor.

Komande laurdag inviterer KRIK Husnes til sin årlege innebandycup i Husneshallen for attande år på rad.

DEL

Opningsshow, innebandyturnering med flotte premiar, kreativ formidling frå Bibelen, Jesus-hjørne, kafé med Playstation og FIFA20 er stikkord som skal motivera ungdommar frå 8. klasse og oppover til å ta turen innom dette kristne, rusfrie arrangementet, står det å lesa i pressemeldinga.

Husnes kyrkjekontor har arrangert innebandyturneringar i mange år. I byrjinga var cupen lagt inn som ein del av det obligatoriske konfirmant-opplegget. Seinare har det vore eit frivillig tilbod både til konfirmantar og andre ungdommar. Dei siste åra har det vore 4-500 ungdommar innom arrangementet. Fleire år har meir enn 30 lag stilt i turneringa, og det har vore stor stemning både på banane, på tribunane og i nattkaféen.

– Ein nattcup er så mykje meir enn berre cup! I tillegg til opningsshowet vert det òg ein programdel seinare på kvelden. Her har me fått med oss Hartvig Kloster og Hermond Berhane frå Open Air Campaigners. Ved hjelp av trylling og andre kreative innslag vil dei formidla personlege vitnesbyrd og viktige ting frå Bibelen. Me gler oss til å høyra desse to karane, skriv Jan-Ove Fagerheim i pressemeldinga.

Det vert òg lagt stor vekt på det sosiale rundt sjølve turneringa på ein nattcup. Også dette året vert det kafé med heimelaga pizza, brus og diverse snop der ein kan betala kontant, med kort eller med VIPPS. I kafeen er det flott å slå seg ned og ta ein prat med andre. Dersom ein ynskjer det, kan ein òg ta ein tur bortom Jesus-hjørnet og ta ein prat om livet og det å tru eller det å tvila. Ein annan ting som skjer i kaféen er at det blir rigga til ein flat-TV med Playstation4 og FIFA20 som ungdommane kan utfordra kvarandre i. Oppe i andre høgda kan ein spela det populære «snurre-fotball-spelet».

– Det kostar nokre tiarar for dei som vert med i sjølve turneringa (konfirmantane i kyrkja i Kvinnherad går gratis), og ein kan bruka litt pengar i nattkafeen. Men utover dette er det heilt GRATIS å komma og vera med på alt det som skjer i Husnehallen denne kvelden. Takka vere midlar frå eit raust lokalt næringsliv er me stolte av å kunna tilby ungdommane dette! skriv Fagerheim.

I innebandy-turneringa vert det konkurrert i tre klassar: Éin rein jente-klasse og to aldersbestemte klassar der det kan vera både gutelag, jentelag ogmiksa lag (8.-10. klasse og 1. vg og oppover). Det vert flott premie til kvar einskild spelar på dei tre første plassane i kvar klasse. Spelarane på vinnarlaga får dessutan eit gåvekort på Peppes Pizza, slik at dei kan ut og feire sigeren der. Som om ikkje dette er nok, er alle deltakarar i turneringa med i trekkinga av eit gåvekort på 1000 kroner på TrimX på Husnes.

– Dei som vil vera med i turneringa kan melda seg på via nettsida www.kriknattcup.no. Påmeldingsfrist er onsdag denne veka. På dei heilt nye nettsidene våre kan ein også følgja med på resultata utover kvelden når nattcupen er i gang, opplyser Fagerheim.

Han minner om at sjølv om nattcupen er eit rusfritt arrangement i kristen regi, så vil ein ikkje at det skal vera ei «sovepute» for foreldre eller føresette. Dei blir oppmoda om å ta turen oppom Husneshallen i løpet av kvelden.

– Sørg for at ungdommen din ikkje diskvalifiserer seg sjølv frå å komma inn på det rusfrie arrangementet. Me ynskjer at nattcupen, og alle aktivitetane rundt sjølve turneringa, nettopp skal vera ein stor motivasjon for ungdommane til å halda seg rusfrie denne kvelden.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags