Storkontrakt for Endúr Fabricom AS

Endúr Fabricom AS er tildelt kontrakt for vedlikehald, modifikasjon og driftsstans på Esso Norge AS sitt raffineri på Slagentangen ved Tønsberg. Her ved Rune Skarveland, Hans Petter Eikeland og Ove Røssland. (Arkivfoto).

Endúr Fabricom AS er tildelt kontrakt for vedlikehald, modifikasjon og driftsstans på Esso Norge AS sitt raffineri på Slagentangen ved Tønsberg. Her ved Rune Skarveland, Hans Petter Eikeland og Ove Røssland. (Arkivfoto).

DEL

Esso Norge AS har tildelt Endúr Fabricom AS kontrakt for vedlikehald, modifikasjon og driftsstans på Esso Norge AS sitt raffineri på Slagentangen ved Tønsberg. Kontrakten varer i fem år med opsjon om lengre avtale.

Kontraktsverdien inngår i selskapets samla ordrereservar som vart børsmeld mandag 27. juni 2018 i samband med offentleggjeringa av fusjonsplanene mellom Bergen Group og Endúr Fabricom. Handeland Industri AS er største aksjonær i Endúr Fabricom

– Dette er ein kontrakt av stor strategisk verdi for Endúr Fabricom, og eit viktig bidrag til selskapets satsing på Austlandet, seier Endúr Fabricom sin CEO, Mikal Løvik i ei pressemelding.

– Vi er svært glad for tilliten Esso Norge har vist oss med denne tildelinga og ser frem til å ta fatt på eit nært og godt samarbeid med Esso Norge, heiter det vidare i pressemeldinga.

Esso raffineriet ligg på Slagentangen mellom Åsgårdstrand og Tøns-berg i Vestfold sør for Oslo, og tilhører Esso Norge AS.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags